Skip to content
1858–1933

Øydelagd

Vetle Vislie

Eg dreg meg heim med so tunge steg denne vande veg og grundar paa gamle gaata. Og myrkre breider seg stort og vaatt;

no stundar det stygt til uver og nott, so heile min hug maa graata. Eg sig so seigt gjenom hagedør som aldri det fyrr,

og stansar og tenkjer paa ferdi : Skal enno eg dylja det tunge slag? Aa nei, ho les i kvart andlits-drag og ottast det verste i verdi!

Eg dreg henne skjelvande inn i min famn, ho kviskrar mitt namn: “Enn er ikkje all ting ute! An kjære min Hein, aa tvil ikkje paa,

at enno vaar himmel kan verta blaa, og soli kan skina paa rute!” – Aa Aashild, kva nyttar det vona no, at det godt vil gaa?

Nei, aldri det meir vil dagna! Kvar gjerning ho er som raullande stein; den gode og vonde meg vert til mein, naar mot meg er all min lagnad!”

Det skjelver i barm, det bivrar um munn or djupaste grunn; men mjukt ho meg ser inn i augom: “Aa var du daa usæl i desse aar

me livde her saman i ljose vaar, at du vil deg ynskja aat draugom? – Mitt sælaste liv var aa sjaa kvar stund dine augo, din munn.

Men no vil det alt verta ille, so minne um sæla vil døyvast og døy, naar heimlaust me sviver paa fredlaus Øy, der vegarne alle er ville!

Ho græter so saart den lange nott; eg kjenner so godt, at no kjem dei myrkaste tider. Ho legg seg paa kne, og til Gud ho bed.

– Aa kjære mi Aashild, kva hjelper no det! Men hugen min verkjer og svider.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Øydelagd · Vetle Vislie · Poetry Cove