Skip to content
1858–1933

Vaargidn

Vetle Vislie

Viking eg vart, fyrr vita eg visste; villmanna haattar i hugen meg raadde.

Far min meg gjorde heimlaus i heimen; banne vil fylgja farande ætter.

Vond vild' eg vera; til godt det vendest; godt vild' eg gjera, til vondt det skifte;

skuggar meg eggja til usæle daad; lagnaden møtte, daa bøta eg skulde.

Store og strenge herre i himlen, du som hev gjort underleg gjerning:

Ein gong eg høyrde fuglar aa syngja, ein gong eg livde, ein gong eg elska, –

Ein gong du skein i solbjarte straalar, drog meg til dagen, eggja til daad:

difor eg bøygjer hovud mot høge himlen og tenkjer deg tagall min takk!

Ikkje eg veit, um takken deg tekkjest, kanskje min hug ei høver for himlen:

viking eg vart fyrr vita eg visste, fri mann eg føddest, aldri til træl!

Stort vil eg tenkja um dine tankar, um dine fingrar eg fann ei i verdi;

for det ein straale strøymde ifraa deg, difor eg viljug verter din mann!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Vaargidn · Vetle Vislie · Poetry Cove