Meg tyktest aa vandra paa kyrkjegard; eg ropa til himlen, men ingen gav svar. Eg møtte min mann millom morkne bein; han helsa og sa: “Velkomen, herr Hein!”
– Dau talar idag? Du kunde kje fyrr? – Kva kunde det gagna innmed di dør? Du sat der i rikdom all dagen lang og hadde kje tanke for naud elder trang.
Eg drog deg der ned, og du fekk aa sjaa heimsens naudardom stira deg paa! – Kva hev eg med det? kva skuld hev vel eg? Verdi var vel vorti til utan meg?
– Seg meg, god' ven, hev du kje gull? Og sveita du for det, og hev du kje skuld? – Kva sakar det deg? Eg fekk alt mitt av gode hender, og eiger det fritt!
– He, he, var det so? Det var andre sitt braud han sanka det av, deira sorg, deira naud. Fraa andre du tok denne pengesekk; og no krev me andre, at du skal vekk.
Og vil du med godo leggja dei ned i arbeide her, skal me halda deg fred. Men elles so kjem eg kvar kveld aat din port og minner dig um kva du ikkje hev gjort!
Eg reiser meg harm og gjeng han imot og rister han ned for min sterke fot. – Kva segjer du no, du krjupande jord? – Eg segjer deg, du er ein daarleg bror!
Eg veit eg er liten, veit eg er arm, men veksa eg vil som ein orm i din barm! Daa kom der eit ljos yver mannen braatt; det skein av hans andlit som eld um nott.
Og ung som ein engel i hamen ny uppyver han kvarv millom ljose sky. Eg vaknar og høyrer dei andar-drag av Aashild, mi sol og min einaste dag.
Men mannen meg tykkjest ved døri aa sjaa, han syner seg der baade bleik og blaa. Og seint og tidleg eg spyrja meg maa: “Um han var din far, kva gjorde du daa?”
Cookies on Poetry Cove