So glade dei augo meg helsar,
som fyrr inn i ørvilla saag;
dei finner i meg sin frelsar
fraa myrkre som yver dei laag.
Eg styrkte dei visnande hender,
eg retta dei krokute kne;
no blømer det gardar og grender,
der mannakraft fyrr rotna ned.
Og gleda det gjev meg aa ganga
aa sjaa kor det grønkar og gror,
og godt gjer det hjarta aa fanga
dei beste og venaste ord.
Min hug hev seg opna som blomen
mot himmel, mot sumar og sol;
og eg som sat eingong forkomen
og tærdest i skugge og skjoll
Eg helsar deg, solgud, du unge,
velkomen du alltid er nol
No er ikkje dagarne tunge
og lange, som stille du stod;
eg bannar ei lenger min lagnad,
eg nys fekk fra ljosheimen bod:
No fire blaa augo meg fagnar,
der fyrr berre fagna meg tvo!