Skip to content
1858–1933

Skuld

Vetle Vislie

Eg bygde store lukkeslott paa vaarljos von, at alt var godt. Ein daarleg draum eg tok til trøyst, at no var alle flokar løyst.

Ein dag eg fær meg sjølv aa sjaa, eg var kje verd Guds himmel blaa. Eg anda inn dei vonde eimar, og høyrer til i myrke heimar.

Mitt auga saart av ljose blindast, eg vilde helst til berge bindast. Aa, Sylvelin væne, liv væl, mi møy,

eg kan ikkje liva, og slett ikkje døy. Kom aldri um kvelden og bank paa mi dør,

du finn her ein syndar, større en fyrr. Dine fingrar er kvite, di hand er rein;

men mine er svarte og fulle av mein. Det ropar inn-i meg, Gud veit kva det er:

dagen og soli du er ikkje verd!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Skuld · Vetle Vislie · Poetry Cove