Skip to content
1858–1933

Skuggar

Vetle Vislie

Ja verke hev stansa, og ingen mat aa finna paa alle dei tome fat. Dei friske reiser; i svolt og sott dei andre sit ventar den verste nott.

Kvinnor og born og gamlingar sit veikna og visne, og misser sitt vit. Eg sveiv der nede ein dag so lang; aldri eg gjekk ein tungare gang.

At verdi var vond, det visste eg vel; men aldri eg trudde ho var so fæl. Stirande augo og rukkute kinn, fillute klæde og hulkande sinn.

Bleike og svarte som skuggar graa gjekk dei ikring, baade store og smaa. Von er det slett ikkje meire av, berre i einaste, myrkan grav.

Me gjev og me gjev: men kor skal det gaa? Langt kan den rullande steinen naa!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Skuggar · Vetle Vislie · Poetry Cove