Du vippar millom tvil og tru,
du stend med valne hender,
og finner ei di himmel-bru,
der alle vegar vender . . .
du vippar millom vondt og godt,
deg sjølv til flir og evig spott.
Ein dag i tru og solvarm von
og kjærleiks milde tankar;
ein dag i tvil og tap og tjon,
og hat du saman sankar;
um Satan bid, kor godt han lær,
du høyrer til hans svorne hær.
Du klagar, ei du mening finn,
og sig i sorger myrke,
og aldri sjølv deg yvervinn
og gjev deg til ditt yrke.
Den dom du fær, naar alt vert skilt:
“Ditt liv er evig, evig spillt!”