Skip to content
1858–1933

Paa villan fot

Vetle Vislie

Eg stengjer mine dørar og løyner meg av garde, so helsar eg den væne bygd, maa ut i verdi fare.

Langt burt fraa fjell og finne, langt burt fraa heimleg tuft; eg veit eg høyrer heime i svart og dauvtung luft,

Der sol ei skin um dagen og stjernor ei um nott, der alle sjæler kvider seg i draum og daudesott.

Daa Adam hadde synda, og det paa syndedag vart kveld, daa vart han av ein engel jagd ut med sverd av eld.

Eg bidar ei paa sverde, eg vil kje jagast som ein hund, eg stengjer sjølv mi hage-dør og gjeng med smil um munn.

Du heimsens harde herre, du ser eg viljug gjeng min veg; kva meire kan du krevja, kvi vil du elta meg?

Du sende meg ein straale ifraa di høge borg; var det daa for aa drepa ned mi stolte sjæl i sorg?

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Paa villan fot · Vetle Vislie · Poetry Cove