Skip to content
1858–1933

Paa framand grunn

Vetle Vislie

Det lyser varmt av skogen, det angar vaar av lund og lid, og milde vindar veiftar, og himlen er so høg og vid;

det bylgjar blide tonar inn yver saara sinn, og alle tankar voggar meg i draum og hildring inn.

Paa bratte berg seg reiser ikring meg borg paa borg; her livde gjæve riddarsmenn av rov og utan sorg,

dei nord og sunnan reika, tok møy og røva gull, men kjende aldri hjarte-illt og sona aldri skuld.

Dei storma fram i riddarferd, med armen kald som staal; men notti myrk med svarthærd møy dei drakk Vaarherres skaal.

Du var so rik, du var so heil, so frisk i hjarterot, du gyllne tid, – eg bøygjer meg i undring for din fot.

Men store tider farne l Du kan no staa paa riddarborg og ropa dei av gravi fram aa slaast med saar og sorg, –

eg ser at borgi ligg i grus med stein mot himlen haag; eg lær ein laatt og tenkjer paa dei riddarsmenn eg saag.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Paa framand grunn · Vetle Vislie · Poetry Cove