Skip to content
1858–1933

Ny frelsar

Vetle Vislie

Aa kunde eg skikka min vilje mot hav og lata kvar bylgja syngja yver den djupe grav, –

daa kunde tonarne stiga fritt mot Gud faders borg og beda um ljos yver live og song yver livsens sorg.

Og er han, so vilde han senda frelsaren ny her ned aa løysa alle dei gaator, som inkje gjev hjarto fred.

Elder ei skrift paa skyer, som skein yver alle hav, so glade me kunde liva, og vita kvar helst det bar av.

Alle dei fangande straalar fraa heimsens evige sjæl; alle dei sterke syner skal heila den sjuke sæl,

skal fylla alle dei tome og turre, som skrik etter fred, skal løysa alle dei bundne i fordom og skikk og sed.

Eg stend paa den høgaste tinden so høgt yver vanheilag tru, og ser etter han som skal byggja fraa jordi til himmelen bru,

ja, ser etter han som skal koma med straalering kringum sitt haar, med himmelens glans i augo, og skapa den nye vaar.

Men kringum stend alle dei vise, som dyrkar dei gudar gamle, og vil av dei mugne tider frelsande sanning samle.

Men jamvel hjaa dei det græter so mjukt under hjarterot av lengsel etter den nye tid, som atter gjev vilje og mot.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ny frelsar · Vetle Vislie · Poetry Cove