Skip to content
1858–1933

Naudardom

Vetle Vislie

Vimranda gjeng dei i villa menneskje-søner i verdi; heile si kraft skal dei spilla, ørville endande ferdi;

fara i flokk og i fylgje inn imot avgrunnens dike, lettlynd', til avgrunnens bylgje dreger dei ned i sitt rike.

Saag eg som born dei leika livande lystug i kvelden; saag eg dei sidan so veike ynka seg vesalt i elden,

skulde eg gladeleg syngja song yver yrande sveimen, live daa sjølv vilde yngja dag yver daudinge-heimen.

Motlause, magtlause sjæler, ræddhuga kvende og menner, alle som livsstriden fæler, tek me so mildt under hender:

Gud, lat i elden dei fara! Lat ikkje verdi vaar tyngjast av slik ei elege varal Daa fyrst kan livssongen syngjast.

Hardt maa du hjarta ditt stæla, att maa du øyrorne lata! Aldri for noko du fæla, all ting og alle du hata!

Liv for deg sjølv her paa ferdi, live paa jord er ditt siste. Gud elder Satan eig verdi, kven av dei aldri du visste.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Naudardom · Vetle Vislie · Poetry Cove