Helheimens magter i haustmyrke ferd med ringlande salar er ute. Hovdingen sit paa sin svarte hest
og rid yver daudinge-dalar, og pikkar so paa mi rute. Raud veiftar kaapa i kveldkald vind, logande augo og kolsvarte kinn,
og soleis han trugar og talar: Helheimens magter i haustmyrke ferd med flirande fagter er framme.
– Ser du, at alt i live du vann var daadlause draumar, og daad som deg gjorde til skamme? Høgaste høgder du heldt ikkje ut,
veikna i tanke og tærdest av sut, og sveiv inn i daarande straumar. Helheimens magter i haustmyrke ferd med leikande ord i munnen
lokkar. – Huglynde mitt bryt no inn yver jord, mitt rike seg breider, og alle dei store seg flokkar
ikring meg med fastare haatt, og voni me møter med laatt, so alle dei smaaenglar tegjer. Helheimens magter i haustmyrke ferd
med hugsterke ord i munn er ute. – Vil du bli med, her er luft so rein, her er høgder so store og vide,
her er stormande ver for di skute; draumar du drøymde og daadlaust dikt, daara deg sjølv med hildring og slikt, kom her, her er tankarne frie!
Helheimens magter i haustmyrke ferd med freistande ord i munnen meg fylgja. Lenge eg visste ei livande raad.
Saag eg so augo av kvinna som bivrande straalar aa bylgja, synte meg veg gjenom ørville sveim, vegen aat Gud, aat den solbjarte heim,
og dit skal eg vinna, ja, vinna! Helheimens magter i haustmyrke ferd med trollande ljos i hand ei daarar:
Ein himmel eg ser og ein Gud! Ei ljosbragd eg augna og kjende igjenom dei freistande faarar; eg vonar ei meining aa sjaa
i alt dette vesalle smaa, naar eingong min livsdag fær ende!
Cookies on Poetry Cove