Skip to content
1858–1933

Morgonstund paa Vegard

Vetle Vislie

Dy køyrer paa gullreine skver, du, solgud so fager og frid, so høgt yver braakande byer, so fritt yver staakande strid;

so likesæl sit du og kviler med straalar i andlit og haar; aat alle smaa klotar du smiler som herre i tusund av aar.

Du solkonge frid, kvifor sender du atter ein dag yver jord, naar straalarne dine meg brenner, og voni aat myrkheimen for?

Eg ynskjer kje soli og dagen, hev sete i skuggar og nott; lat meg liva i daudinge-hagen, og lat verdi gaa under i sott!

Kvar von du um morgonen sende vart sløkkt fyrr en dagen gjekk ned, og heitare notti meg brende en du, som meg aldri gav fred.

Eg livde min dag med dei gamle, dei gule, dei folnande blad; all dagen eg maatte dei samle og syngja mitt daudinge-kvad.

Du solgud, som alltid meg vandar, eg drikker no likvel di skaal; so lengje eg liver og andar, skal eg klæ meg i brynje og staal;

som du vil eg likesæl kvila i straalar, um enn dei meg sveik; og hard som ein hein vil eg smila aat heimsens den vitlause leik!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Morgonstund paa Vegard · Vetle Vislie · Poetry Cove