Um syngja eg kunde
eit einaste kvad
med tonar av bibrande blod,
so det skalv i kvar einaste rad,
og fraa sjæl og til sjæl kom som bod,
aa skalv det ein tone
av det i mitt kvad,
eg gav det aat deg og var glad!
Um finna eg kunde
dei løyndaste ord,
dei største som leika i sinn,
naar du kom her so kjærleg og stor,
naar du sa: “Eg er din, eg er din!”
daa song eg ein song
og ein takk fyre sist
um det beste som verdi hev visst!
Um vinna eg kunde
det hævaste maal,
som menneskje høyrde paa jord,
ei røyst som av gull og av staal,
og eit kvad med dei fagraste ord,
ein tone som brann
og sjølv vann seg veg,
aa det var ikkje godt nok for deg!
Um vit eg kje leita
i syngjande ord,
men um hjarta og hugsyn og blod,
ja, for det er det største paa jord,
fraa sjæl og til sjæl gjeng det bod.
Og skalv det ein tone
av det i mitt kvad,
eg gav det aat deg og var glad!