1 Det sveiv eit glim yver Vegards-nut; det leika i lauv
og lokka meg ut. So vandra eg vidt yver skog og heid og yver dei lange rister,
eg ansa ikkje paa veg elder leid elder myrar og knestande kvister. Eg kom til ein kvelv
eg hadde so kjær, der er han eine som græt elder lær; eg legg meg i grase
og lyer paa, kor gauken seg kvider og klagar Daa ser eg ei kvinna mot kvelven aa gaa:
min heitaste traa eingong i dei sælaste dagar. Ho gjekk so seint yver stein og stuv,
ho stirde aat jord, og ho var so gruv, so tungt ho letta sin unge fot,
so lyfte ho hovde og smilte. Soli ho skein paa tre og paa stein, og Sylvelin la seg og kvilte.
2 Me reiser oss baae, ho paa meg ser; ja, Sylvelin er det, som no er her! “Signe vaart møte!” – Ho svarar ei,
men stirer so langt ei onnor leid. “Seg meg,” ho segjer, “kvi reiste du vel utan aa helsa og segja farvel? Anna eg gløymde, men det var so tungt,
og mote var endaa so veikt og ungt.” “Og spør du um det, daa lite du veit, kor hugen kan brenna som elden heit. Eg vakna ein morgon, mitt liv fekk eg sjaa,
meg sjølv i kvidefullt myrker aa gaa. Hugsprengd eg vart, og so myrk av skam, aldri for deg tord' eg trøda fram. Ryma eg vilde fraa deg, fraa meg,
ganga min eigen villande veg.” “Tapte du so?” – “Ikkje eg vann; klokkorne ringde yver mi von; myrkre i verdi eg myrkare fann,
utanfor deg var det tap og tjon.” Ho bleiknar, og taaror i augo staar. Det er som myrkre det veller, og stort fram fyr' augom gaar.
No ser eg at alt det gjelder! “Ja, sloknar det ljos som brann i deg, daa veit eg at ljos vert aldri min veg, daa er eg seld til notti so svart,
aldri eg meir ser dagen bjart!” Eg ropar det angest, eg ropar det villt, daa lyfter ho augo og talar so mildt: “Av hjarta var det du tala,
for visst du no finner fram. Guds sol, som for meg hadde dala, skin atter paa høgaste tram.” No ser eg i augo reine og blaa,
at all ting eg yver skal vinna. Mi lukka er der, berre der hjaa fagraste kvinna som soli fekk skina paa!
Cookies on Poetry Cove