Dt siter ein mann paa tuve
i myrkan skog
og ventar.
Det er den fælaste buve,
med steingjengne andlits-drag.
So stygt han log
kvar gong han sløkte den ljose dag.
Det siter ein mann paa tuve
i villan heid
og ventar.
Det er den fælaste buve.
Dit maa du gaa den svarte kveld.
Du maa den leid,
um so du gjeng gjenom logande eld.