Skip to content
1858–1933

Kvar natt

Vetle Vislie

Hug vild' eg tøyma, traa vild' eg teppa; dag vild' eg gløyma, sorg vild' eg sleppa.

Vilde eg herda hugen min hard; godt vild' eg gjerda kringum min gard.

Mildaste tokkar i tanken bryt inn; ljosaste lokkar lyser i sinn.

Hender so milde, fingrar so smaa næterne stille mi dør bankar paa.

Vilde du bera ljose aat meg? Let du kje vera ein usæl i fred?

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Kvar natt · Vetle Vislie · Poetry Cove