Kvar kveld eg kjem, ho møter meg
i dør med smil um munn,
ho er so ung, ho er so sæl
heilt ned i hjartegrunn;
ho lær so bleik og fager
som lilja paa det grøne blad,
og legg sin arm um halsen min:
“No, Hein, er du vel glad?”
Eg gløymer svikne voner,
eg gløymer møda, tunge strid,
og kjenner hennar Gud er god
og ho ein engel frid.
Men stundom dreg seg skuggar fram
som bod fra heimen svart:
“Korleis skal dette enda,
og kjem min lagnad snart?”
Eg set meg ned og stirer
paa alle skuggar som eg saag,
paa nye og paa gamle,
som meg i hugen laag;
min lagnad kjem i heilag harm
og krev sin lut og rett,
og trøytt eg vert av alt mitt kav,
av live meir en mett.
– Kva vantar deg? Det kolnar
v dine andlits-drag
eg vert so rædd, naar so du sit
og sløkkjer sol og dag!
Eg og hennar augo blaa,
er hennar kinner
men aldri vinn eg mæla
um alt eg berer paa.
Ho leider meg aat vogga,
dei augo lyser blaa som hav:
“Kor sæl du er, du veslegut,
som ikkje liv veit av
Men skal du eingong verta
som ætti di, av live mødd,
Gud gjeve daa, min veslegut,
at aldri du var fødd!”