Ho fylgde meg heim
ho vart mi, ho vart mi,
eg kjende meg sæl,
og no vart eg fri
for tvilande tankar og pine.
No saag eg so godt
fraa mitt lukkeslott,
kor soli i verdi kan skine!
Eg minnest ein kveld,
den sælaste stund,
me saman sat
med munn ved munn,
det lyste av augo dei klaare,
av panna so rein
det log og det skein,
og kveldsoli glitra i haare.
Daa soli var gladd
yver aasar og fjell,
ho kviskra so stilt:
“Gaa ei fraa meg i kveld!”
Eg tok ho i armarne mine:
“Aa no er du mi
til æveleg tid,
og slokna skal sorgerne dine!”
So glad som ho vart,
ho gret og ho log;
og so heldt me fest
for oss sjølve me tvo.
Det var vel ein yndeleg sumar,
ein himmel paa jord
utan tankar og ord,
ein himmel av angande blomar!