Det lyest eit rop gjenom haustklaar kveld,
det svarar i fjell;
eg veit kven det er som ropar.
Dei samlar seg ute paa tun og veg,
drukne, forvilla hopar,
og skrik etter braud av meg.
Dei trugar med vald, um dei ikkje fær mat
aat dei svoltne fat;
eg kan ikkje lata meg truga;
eg stend der i glase og paa deim ser,
daa teker dei til aa huga
og spør kva slag kar eg er.
Daa kjemer ho Aashild i stova inn,
so bleik um kinn,
fraa glase ho ser ned paa trokken:
“Er han kje med dei, Asbjørn min bror!
Eg ser han der nede i flokken,
Gud, for ei skamferd han for!”
Dei ropar og skrik dei vil hava svar;
eg er daarleg kar,
um ikkje eg mat kan giva;
daa susar det inn gjennom glase ein stein,
eg freistar Aashild aa liva;
kva gjer det um eg fær mein?
Eg eggjar dei upp, dei trugande stend:
“De er ikkje menn,
men gutungar, galne og ville!
Daa ropar Asbjørn dei styggaste ord,
fyrstundes tegjer dei stille,
so ropar dei alle i kor.
Og atter ein stein mot huse dei hiv:
“No gjelder det liv!”
Med hepnare hender han hivde.
Daa fekk eg den mannen i augo aa sjaa,
som elte meg alt eg livde,
for bak meg seig Aashild, blodig og blaa!