No, aldri eg meire skal sjaa min himmel so heimleg og blaal No aldri eg høyra skal brus av silrande bekkjer i skogar;
min hug skal kje syngja til sus av graner fraa tunglynde mogar! No alt skal eg segja farvel, – og verdi eg kjenner so vel,
der tonarne alle døyr ut, der alle vil fretta og frega kva tyngjer av sorg og av sut, kva det er eg maa sakna og trega!
No heimlaus eg stend i min gard og eig kje eit einaste svar; men eg høyrer det syng yver jord, eg lyer til heilage lundar,
til daarande hugmjuke ord, til soli eg stundar og stundar! I heilagste hallen eg stend, so høgt yver dal, yver grend,
han reiser seg evig og ny med den lysande kvelven, som ljoar av syngjande stjernor i sky, der alle dei sjæler seg roar:
“Er du træl av det ørende smaa, daa aldri du æva kan naa! Kva er no den dagen i dag? Kva er denne jordi som sviver
so fredlaus i tanande jag, – kva er dette live du liver? Er sjølv du for himlen ei skam, og ser du kje lengere fram,
du stuttsynte barn av di jord! Dei evige tankar skal bylgja og gjera deg verdi so stor, so lengere upp du kan fylgja!”
Der byggjer eg sjølv meg eit slott, der all ting paa jordi vert smaatt, der herre eg vert, ikkje træl. Min lagnad so laak vil eg tvinga,
han naar ikkje lenger mi sjæl, han øyder kje songi i bringa! Den fagraste staden eg fann, den sælaste sæla eg vann,
alt maa eg no fara ifraa. Gud veit no kva dagen han lider! Eg løyna meg vil i ei kraa og venta paa heilage tider!
Mitt fylgje so svart for meg fraa; mi ljose no med meg skal gaa, no liver ho med meg kvar stund; aat lagnaden laak kan ho smila
og syngja min fagraste lund; helst naar eg maa trivla og tvila, ho svæver dei sorger i blund!
Cookies on Poetry Cove