Skip to content
1858–1933

Graaver

Vetle Vislie

Graatt i graatt, kvar du auga snur, himmelen vreid, og jordi sur, skogen tunglynd og myrk som eit troll, stirande dagstøtt i myr og mold.

Alle dei blomar i hagen min lengtar aat sol og sumarvind, hallar med hovde og angar ei, – netla berre veks byrg og breid.

Ser eg eit menneskje utanfor dør, traven som jamt etter arbeid spør, heile hans andlit det bed um braud, ropar upp til meg or svolt og naud.

Som mann han ser ut, men skræmeleg fæl, hev han daa aldri i live aatt sjæl? Fillutt og stygg, berre knokar og bein, svart som han aldri kund' verta rein.

Vil du meg noko, utokkeleg træl? Gaa til din Gud, han hjelper deg vel! Honom du trur paa i all di naud, – elder er Gud og for trælen daud?

Gjenger eg inn, eg vil ikkje sjaa villande augo meg ropar paa; kjemer han att, eg kauper ein hund aa halda den fark ifraa gard og grunn.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Graaver · Vetle Vislie · Poetry Cove