Den mann som skal um kjærleik syngja,
um heimens sæla, elska viv,
maa ikkje sorgfullt minne tyngja
um sløkte timar i hans liv,
nei, frisk og glad so maa han vera
i blomen av det best' han fann,
fyrst daa han kan si gjerning gjera
og syngja som ein fagna mann.
Men sæla er so stor ho fyller
den friske mann i hug og haatt;
som morgon-sol ho live gyller,
han syng kje meir um sorg og sott,
og ingi gaator i han klagar,
og meining han i all ting finn,
og godt seg verdi for han lagar,
han alle vanskar yver-vinn.
For elskhug huggar alle tankar,
og lyser ut or kvar ein smil,
og blode varmt i aari bankar,
og dagen gjeng forutan kvild;
han fint og fagert alt vil gjera
i hus og heim, i hytte, borg,
og alt det tunge vil han bera,
og henne fri fraa sut og sorg.
Men syngja um det liv han kjenner,
det hev han ikkje stunder til;
det er naar sorgi i han brenner,
han syngja maa og syngja vil;
naar eine honom sorgi tyngjer
i minne um hans liv ein gong,
daa fyrst um kjærleiken han synger,
og difor vert so tung hans song.