Skip to content
1858–1933

Ein framand

Vetle Vislie

– Eg høyrde gjete, vil no sjaa, um det er sant, at du øys ut ditt gull som vatn i fjorden blaa og utan framsyn, utan sut;

korleides vil til slut det gaa? – Det ille gjeng, det veit eg vel; eg berre veit eg maatte; men kund' eg atter verta sæl,

so gav eg alt eg aatte: dei svoltne augo drep mi sjæl! – Det daarskap er, min gode mann; du øydelegg ein tanke stor,

den største hundradaare fann um brorskap paa Guds fagre jord, – du sløkkjer denne brand! Eg høyrer hugen din er sterk,

du kan det andre vil: Set visne hender straks i verk, og legg i Guds namn gulle til; gjer folk av dette herk!

– Du trur eg elskar denne mug, som grev seg ned i svarte mold? Til kjærleik aatt' eg aldri dug; eg var kje mann, men svarte troll,

til hemn stod all min hug! – Kven spør um kjærleik denne tid, der daad er meir en sterke ord? Kven spør um du er god og blid,

naar berre du er sterk og stor og før til livsens strid? Du trur ein evig lagnad raar? – Ja vel, ein lagnad stor og blind,

som haustar der han ikkje saar! – men herre er i hug og sinn, og han imot du staar? Her ligg eit arbeid paa din veg,

du maa, du skal, du kan! Og rymer du, eg segjer deg du er ein vesalmannn, som burt i villa dreg.

Den største synd aa drepa ned kvar krafti paa Guds jord. Sin eigen son ho gjev kje fred, ho kallar deg med sterke ord:

“Du maa, du skal bli med!” Til dagsens tonar giv du gaum, og lat ei dikt og tufs og tull faa hildra deg i daadlaus draum,

men nytt ditt ervegull: Legg ut i livsens straum!”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ein framand · Vetle Vislie · Poetry Cove