Skip to content
1858–1933

Eg veit ein skog

Vetle Vislie

Eg veit ein skog, som lydde stilt aat bekkjesus og fløvteljod; eg veit ei lid,

som smilte mildt, naar ho paa bergi stod. No ventar dei kvar evig kveld

den fagre møy, som blæs paa lur; dei fregar meg, baad' lid og fjell, og skogen stend so stur.

– Den fagre møy, kven elskar ho, og kvar fell hennar veg? – Eg veit det ei,

eg svarar so, ho elskar ikkje megl Han lydde stilt, den store skog,

og skalv for kvar ein knest; men notti myrk so stygt det log, for daa heldt draugar fest.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Eg veit ein skog · Vetle Vislie · Poetry Cove