Eg saag henne att,
so bleik som ho var,
ein messe-sundag
paa kyrkjegard.
So seint og so smaatt
ifraa grav til grav,
med augo mot dei
som augo gav.
Som bunden eg stod
innmed kyrkjeled
og stirde og saag
og vart ille ved.
Hennar sorg var so stor
og djup som eit hav:
hennar far vart igaar
boren aat grav.
Ho stod der so fager,
so høg og so rein,
og taara paa taara
i augo skein.
Eg stirde og stirde
og aldri fekk nok;
so gøymde ho seg att
i kyrkjeflokk.
No veit eg mi synd:
det var ikkje den,
at viking eg for
yver gard og grend.
No veit eg mi synd
og sorgi eg fekk,
det var at fraa henne
eg eingong gjekk.
Eg visste kje rett
kva kjærleiken var,
fyrr henne eg saag
att paa kyrkjegard.
Det tonar i meg
som horpelaat
med heilage lundar
i kvinnegraat.