Skip to content
1858–1933

Eg haustar

Vetle Vislie

Eg stend paa bratte bergekamb og ser nedyver dalen min; forvisst eg raudna no av skam, um ikkje bleik var fødd min kinn:

Eg fridde folk fraa svolt og naud, eg arbeid gav aat alle deim som sjølv vil stræva for sitt braud og hava seg sin eigen heim.

Eg magtlaus er mot denne mug, som lite veit og lite kan, og likvel skrøyter av sin dug og av sin elsk til Gud og mann;

No drøymer dei um siste dom, det lyser villt som eld og glod i deira augo kvar eg kom, som hadde dei fraa himlen bod:

“Imorgo kjem i skyi han som dømer jord med strenge ord; kva kan det gagna rydja land og saa i denne banna jord?

Lat Herren syrgjal vel me veit han potar maten i vaar munn; kva gagnar det, at hardt me sleit, naar Gud kjem næste morgon-stund?”

Og andre liver for i dag og drep sin merg i dus og drikk; det stankar raatt kvart andar-drag, naar best dei bannar sed og skikk.

Dei krever gull og meire gull, som fann eg det i stein og sand, som var eg slave av mi skuld, og eg aaleine ufri mann!

Eg kjenner meg i hug ei sterk, og sjuk og sorgfaull her eg sit: det ramlar snart, mitt heile verk, og hat eg fær for alt mitt slit.

Men yver all den mugen staar det strenge ord for mann og møy: “Den ætt som fridom ei forstaar, fortener heilt aa døy, aa døy!”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Eg haustar · Vetle Vislie · Poetry Cove