Skip to content
1858–1933

Draugar

Vetle Vislie

I haustmyrke nott eg gjekk meg igjenom den Kambe-skog. Daa tyktest meg høyra, at draugen han log aat sorg og sott!

Der nede laag dalen med hundrad av augo, der log dei og song, so det svara i haugo, der var fest, der var fest, dei sæle heldt fest!

og beden so var eg til gjest, Ein draug det staar fram or kolmyrke hol og or svarte fjell, med logande augo meg segjer i kveld:

“Det spott er og skam, at mannen skal staa og myrkja for ljose, um dagen i solglans gaa sutra og frjose, han er gjest, han er gjest

til livsens fest, beden kvar dagen til livsens fest! Vinden so mild stryk deg um kinn, og soli du eig,

live blaanar deg, teig for teig, og Gud er so snild. Medan me græt, so det svider i augo', græt som dei berre kan graata hjaa draugo',

det er illt, det er illt, at live er spillt, dagen og ljose evig forspillt!” Eg høyrer det græt

or uri so svart og berge det blaa, eg høyrer det klaga fraa skogarne graa, fraa tjørni det læt, og skuggar stig upp ifraa heimarne svarte,

lengtar so saart etter dagen den bjarte, dei vil faa, dei vil faa ljose aa sjaa, – men dau vil deg sjølv i ljose staa!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Draugar · Vetle Vislie · Poetry Cove