Syng meg um liv millom mann og møy,
syng meg um elskhug som aldri kan døy,
syng meg um dagen, solbjart og ny,
syng meg um sol yver uvers-sky,
syng meg um ljos som driv myrkre ut,
syng meg um sæla som ei veit av sut.
Alt som eg elskar i tonen er med,
alt som eg tenkjer, meg voggar i fred,
hugen er rein som den kjelda klaar,
verdi er ny som venaste vaar.
Kvar vart du av, du vetter so tung?
Ho er som vaaren, yrande ung!
Gud, um det varde, det toneljod,
varde i æva fraa dagen no,
trylla meg burt ifraa all den sveim,
bar meg i sol aat ein større heim,
upp ifraa alt som vil hefta meg,
der eg for alltid kan elska deg!
Aldri fyrr, sidan barn eg gjekk,
sovorne tonar eg høyra fekk,
tonar i bylgjor bivrar og brest
ut or ein himmel i skinande fest,
syng meg um liv millom mann og møy,
syng meg um elskhug som aldri kan døy.