Det leika ein dag
yver heio nord,
ein dag utan kveld,
med straalar av blod,
og braglande eld . . .
ikkje skuggar det beid
yver all den jord,
um ikkje mennerne myrke
skapte seg tunge tankar
og myrke, uløysande ord.
Det leika ein dag
yver heio nord,
ein dag utan kveld . . .
aa kveld vart det vel!
Som ein røyk han for,
den dag so frid,
daa alle dei vonde magter
endaa ein gong gav grid!
Sæla ho skein
yver tankar og ord,
og alle dei lengslar
som straalar for, –
so kom det ein kveld,
daa kjende eg saart,
at notti var nær,
at atter min lagnad var ute
med nivlheims myrke her.
Var sæla daa svevn
i den Ijose lund,
der englar stig upp og ned
med song i munn
og svævde alle dei tankar
som barn til blidan blund?
Fraa lagnaden kjemer
den svarte hest;
han tek meg og rider
til helheimens fest,
der alle dei smaadjevlar
kvesser sitt tryne,
alt godt i meg bur
dei tenkjer aa tynel
Til dessar eg stod
som den seige gran
og voks under stormen og striden.
Eg bøygde meg ikkje
for Gud elder mann,
eg reiste meg djervt,
medan skyerne brann,
og verdi ho skalv
i kolmyrke kveld;
eg hadde kje age
for blod elder eld . . .
Men skulde eg missa
mitt ville mot,
og skulde han trøytna,
min sterke fot,
og skulde eg mjukna
av milde ord,
daa var det betre
aa gravast i jord,
daa vilde eg løyna
meg inn i ein haug
og ropa paa myrke magter,
paa troll elder dagrædd draug!