Skip to content
1858–1933

Den store heimen

Vetle Vislie

De sutrar i sorg kvar evige stund; og synder dei tregar; dei grundar paa allheimens meining og grunn, og faafengt dei himmelen fregar;

for all ting er faafengd paa jordi. Dei strævar for æra, dei sveitar for gull, dei lukka vil finna; at verdi er vond, og live er tull,

den sanning dei vil ikkje vinna; for all ting er faafengd paa jordi! Og andre, dei synger om himmel og sol, med gleda i munnen;

dei skaalar med live fraa pol og til pol for heimen som løgjen er funnen; men all ting er faafengd paa jordi! Dei gløder av fysna i høgaste rom,

med rosor seg kransar; dei lær i sin rus og plukkar kvar blom imedan til dauden dei dansar; for all ting er faafengd paa jordi!

Eg minnest ein mann, i lunden fekk sjaa so fager ei lilje; og henne han stirde so lengtande paa, til bunden han vart i sin vilje;

og all ting er faafengd paa jordi! Ho lokka; han fylgde den vandaste veg, og aldri han tvilte; so seig han til jord, daa saag han for seg,

at kvende var dauden som smilte; for all ting er faafengd paa jordi! Ja, sorgi er slik, at ho øyder din dag, naar tungsinn vert herre;

men fylgjer du gleda, ja, daa held du lag med dauden, og det, det er verre! For all ting er faafengd paa jordi!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Den store heimen · Vetle Vislie · Poetry Cove