Eg fredlaus sviv fraa rom til rom,
min tanke leitar trøytt og tom
um veg i all mi villa.
So skulde daa min lagnad streng
meg gjera til ein vesall dreng
og heile live spilla!
– dau lange nott, du lange nott,
aa fær du aldri endel
So stilt det er i dette hus;
eg høyrer berre skogens sus,
og natte-fuglar syngja.
Eg gjeng der inn . . ho søv so stilt
i maaneljos, med smil so mildt,
der ikkje sorg kan tyngja.
Men i min hug det hrusar villt,
dei svarte tankar stynja . . .
Aa laag min lagnad daa paa lur
i tunglynd smil som dyr i bur,
alt fraa den dag eg kjende
dei myrke, tunge vengjeslag
av sorg, som sløkte ljose dag
og soli fraa meg vende!
Min strid imot var faafengd draum,
eg berre meir meg brende!
Der sym dei englar yver hav
av luft burt yver jord og grav;
men ingen vil meg fria.
Eg kan kje slita mine band,
eg kan kje hata Gud og mann,
og difor maa eg lida,
som var det mange djevlar smaa
med eld meg sveid og brende!
Dau lange nott, du lange nott,
aa fær du aldri ende!