Skip to content
1858–1933

Dei tvo augo

Vetle Vislie

Store og stille dagarne gjeng, himmelen blaa yver blømande eng. Tankarne tegjer, og alt mitt sinn er sælt, naar eg ser hennar ljose kinn.

No hev det byrja, mitt rette liv med henne, mitt unge og vene viv. Gud, for ei sæle, kvar dag og stund aa kunna kyssa den milde munn!

Eg talar for henne dei venaste ord; rikt dei i hugen som blomar gror. Ho opnar for meg si heile sjæl, fra fyrste stundi til no ho er sæl.

Ein dag som me sit inn i hagen min og kjenner oss sæle, med kinn mot kinn, Eg merkar det stend ein mann bak min rygg, eg kjenner og veit han er stor og stygg.

Me vender oss baae og ser ein mann staa utanfor porten med augo i brand. Graatt liksom lave er skjegg og haar, han hever alt livt i hundrad aar.

Bleik som ein skugge, og tagall som den, stirer han paa oss, der stilt han stend. Eg let honom staa, eg ansar han ei, men freistar aa stira ei onnor leid.

Aashild vert tagall og ser paa meg, fregar med augo og undrar seg. Eg gjeng burt aat gjerde og spør kva han vil, han rister paa hovde og tegjer still.

Stirer og ser meg i augo inn, det gjeng meg so kaldt gjenom hug og sinn. Det er som eit rop or det svarte hav, der tusund svelt ned i djupe grav.

Eg spør kva han vil, og bed honom gaa, han stend der og stirer so still endaa. Eg gjev han ei mynt, han bukkar og gjeng; men augo hans fylgjer meg kvelden i seng.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.