Eg høyrer han rid paa sin svarte hest, den drengen send fraa min lagnad ; eg læser mi dør for ubeden gjest, og ventar at det skal dagna.
Daa kviskrar det utanfor stovedør, og tunge hælar i svali trør, det sukkar og græter i kvar ei kraa, og alt maa eg liggja og lyda paa,
eg kan ikkje armen leda: “Aa Sylvelin, hjelp, eg drøymer so illt, aa frels du vaar lukka og gleda!”
So kjemer han inn, den graakalde mann, og gloande djevlar han fylgjer; det logar av augo og lyser av tann, og inn dei i eimar seg hyljer.
Dei skriker paa sylv og paa raude gull, dei ropar, at eg eiger pungen full, men hjarta eg hev so hardt som ein stein, og difor eg heiter den ille Hein,
og alle dei vil meg elta; ei kruna eg hiv aat fatike mann og let so ihel dei svelta!
Dei bannar og skrik i eimarne graa, dei dansar med logands leggjer; det ynkar seg stygt i kvar einaste kraa, det ylar i alle dei veggjer.
Eg rekkjer ut armen, femner eit lik, i angest og otte mot myrkre eg skrik, og sorgi so endelaust klember min barm, daa kjenner eg Aashild, so god og so varm,
eg klappar dei mjuke kinner: “Eg drøymde so illt, no atter eg veit, at lagnaden paa meg vinner!”
Det bod er fraa Gud, ho svarar so, du hjelpa skal alle som lida; du veit, kor dei svelt der nede no, og maa seg i vesaldom kvida!
Og atter stend for meg den gamle mann, han stend der og stirer og peikar med hand, og bed meg, um ikkje eg innum vil sjaa og alle dei klagerop lyda paa
og mat dei for arbeid giva. Og vaken eg ligg den lange nott, og det er so tungt aa liva.
No rider han heim paa sin svarte hest; eg høyrer kor sverde hans singlar; han myrknar min heim og min ljose fest, han rid so det ramlar og ringlar.
So kjem han til mannen paa tuva sit, og segjer at no maa eg koma dit, og mannen han lær med sitt andlit av stein: «He, he, no nappast me atter, min Hein,
og du vert det ikkje som vinnerl» Eg dreg meg ifraa avstyggjande mann og freden hjaa Sylvelin finner.
Cookies on Poetry Cove