Skip to content
1858–1933

Augo

Vetle Vislie

Eg sit her og solar meg sælaste morgonstund; doggi i grase glitrar, blomarne helsar og smiler.

Bjøllor syng uppi aasen, hjurdingen hjalar paa bergi, og gauken gjeler i lid. Inne i stova,

med lauv og med blomar prydd, drøymer mitt vene viv med smil um den raude munn, drøymer um kyss

i sælaste sumar-nott. Haare fløymer so gult og vent kring hennar mjuke kinn; Sov du i fred, mitt venaste viv,

signe deg svevnen din! Daa ser eg eit andlit syna seg utanfor gjerde, kjenner ein gust fra den store heim,

der dei sveitar ut blode i slit, det vekkjer dei gamle minne, som svartnar og veks . . . Kinnerne bleike og hole,

haare heng vaatt yver skuggefull panna, fillatt og fæl, ein fark . . . ser han so langt innyver

mot huse og hagen. Eg kjenner alt kva han tenkjer Han tegjer og ser, han bed med heile sitt andlit,

kvar saag eg dei augo fyrr? Eg vender meg fraa, tek fram den nyaste bok og set meg paa benken og les.

Han tegjer. Men eg kjenner kor augo hans fylgjer, fylgjer og frettar. Eg fær ikkje fred,

evig og alltid det spør: “Kvar saag eg dei augo fyrr?”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Augo · Vetle Vislie · Poetry Cove