Av jord er du komi, sa presten, og klokkorne ringde: Av jord! Men høgare song det i hugen min: Nei ikkje av jord, men av himmel,
so sant det beid himmel paa jord! Dine augo so blaa, din ljose smil yver dekkar smaa;
di panna so rein, og ljose som skein kring ditt gule haar, – for meg var du tru
paa alt stort og godt, for meg vert du bru til Gud fader sitt slott. Dei segjer du var ikkje stor,
og ikkje so heilt utan mein, – kor visste dei det, desse vise menn? No segja eg vil,
her paa gravi eg stend: Ho var ein straale fraa Gud, ein straale so stor og so rein, fraa den evige Gud!
Til jord skal du verta, sa presten. Nei, ikkje til jord, men til sorgfullt minne um lagnaden laak,
som stod meg imot. Min hug er som hav, min harm er som bylgja den blaa. Han kan stilna av
paa ein godvers-dag og drøyma i soli aa sjaa. Men kjem det ein storm og rører han upp
ifraa djupaste grunn, daa fossar det kvitt, daa bryt det paa berg og baarorne dreg
i have med seg med laatt og med leik alt som kjem meg i veg, i helheimens evige namn!
Er det menneskje-magt som stend meg imot, so tak deg i agt! Men kjemer lagnaden sjølv,
den hardlynde Gud, som ikkje veit av godt elder vondt, som i augo eg saag
den kvelden det slokna, mitt ljos, – kjem han og set kross for mi ferd, daa legg eg meg til,
so stilt, so stilt, som ei skuta i skodd, og ringer og ringer med alle klokkor,
at ingen maa koma meg nær! Av jord skal du upp staa, sa presten. Du tarv ei staa upp, for du liver i alt som eg ser,
i lauv og i knupp, i skog og i blømande eng. Du liver i alt, som er stort og godt,
du liver i alt, som fær haad og spott! Eg bøygjer mitt hovud paa tungaste veg,
og segjer ein takk til din Gud og til deg. For meg var du tru paa alt stort og godt,
for meg var du bru til Gud fader sitt slott!
Cookies on Poetry Cove