Eg veit nokre grender nord for Stat
med fjordar og fjellgardar ville;
der havbaara buldrar um vetternatt,
og mannaliv titt fór ille.
Naar flagurne rykkjer og stova knest,
daa mangein livsdraum for alltid brest, –
og liksalmar skjelv yver skjeri.
Men himlen han kvelver seg atter blaa,
og havbraket tagnar og kviler;
vonerne vaknar i heimarne smaa,
og sjøen i maaneglans smiler.
Nordhimlen trugar 'kje lenger svart,
nordljoset leikar og lyser der bjart –
som draum yver eventyrlandet,
Naar solanga dukkar derute ein kveld,
og fjelli stend gyllte der inne,
og himlen og havet logar i eld, –
kor vil du det fagrare finna!
Og nuppe fraa dalen det angar av skog,
der fjellvatni titt imot soli log,
og bekkjerne hastar mot havet.
Aa, her er vel storfellt, naar sumarfred
yv' holmar og fjordarne kviler;
naar grønleta lier speglar seg ned
i sjøen og solmetta smiler!
Ja Sunnmør, eg elskar din dal, di øy,
her gjekk mi vogga, her vil eg døy, –
her høyrer hugen min heime.