Skip to content
1868–1944

Ragna Adilsdotter

Anders Vassbotn

Ung Harald til gilde stemnde ein glitrande jolekveld; paa Hadeland pynta var stova med skjold yver krota tjeld.

Der raaka han Ragna rike, ein erving til Toten og Land. Ho tryllte hans unge hjarta og kveikte hans sinn i brand.

Og Ragna dei ordi mæltø, daa Harald sin hug bar fram: Meg femner den svein som raader yv Norig fraa tram til tram –.

Ung Harald seg budde til herferd og fylka dei beste menn. Hans hjarte for storverk bankar, og blodet i aadrom brenn!

Naar øksar og spjutoddar blinka og striden gjekk kvass og varm, stod Ragna der ljos og mana, med syljur paa rundlagd barm.

Ho vigsla hans samlingsyrke, ho eggja med heite ord, ho kysste hans sveitte panna ved slaget i Hafursfjord!

Stig fram att ung Norigs Ragna, du nemnest vaar fridoms møy – og mana til strid ung Harald, – send herpil til ytste øy!

Set staal i den unge fylking, naar hugen vert trøytt og saar, so uppatt me reiser oss yngde og fram under merke traar!

Syn fram mot eit nyreist Norig, nør striden med manande ord, til eingong du kysser vaar panna ved slaget i Hafursfjord !

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ragna Adilsdotter · Anders Vassbotn · Poetry Cove