Skip to content
1868–1944

Mons Litleré 1867-1895

Anders Vassbotn

Der trøytna av so mang ei kraft som vonfullt stemnde fram; og øydd vart livsens triske saft til vantakk og til skamm.

So mang ei bringa fraus seg kald, i hang all tra vart lagd paa døsigt folk i jotunvald som fôr med fridomsbragd.

Men av dei faa, som trutt heldt ut i mødesame aar, eg veit ein eldfull sunnfjordsgut, – han vona visst ein vaar.

Han lo aat jotunsongen, han, og trassa uleskrik, og no, no fram me syna kan ein bokheim norsk og – rik.

Du kom so frisk, so ungdomsvarm – med tru so sterk og stor og heitt det loga i din barm for «maalet hennar mor».

Dau hugheilt gav ditt unge liv i stræv so hardt og tungt, og til du laag paa valen stiv, ditt sinn var lika ungt.

So lenge slike gutar stig fraa norske bygder ut, me gjev ei npp, um skodda sig ein uversdag yv' nut.

For enno er her livsenstru, og enno ungdomskraft som stemner fram vil aldri snu, som stend for Norig vakt!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Mons Litleré 1867-1895 · Anders Vassbotn · Poetry Cove