Skip to content
1868–1944

Konge og prest

Anders Vassbotn

I aust der kveiktest ein dag eit ljos, som sette si tid i brand. Den bibelbok melder

ei soga saar um martyren fraa Jødeland. Han døyptest forførar av konge og prest, –

ein landsfaarleg, raud rabulist. Og sidan dei fekk han til krossen fest – den gudborne Jesus Krist!

Men fræet han saadde for kjærleik og fred skant vokster fraa Golgata haug. Hans livstestament

fekk livsens lang, daa jordi hans hjarteblod saug. Daa møttest paanytt att konge og prest,

og atter dei samdest som sist. Dei reiste av lekkjur eit tempel for Bal, og vigde det – kvite Krist.

Herodes og Kaifas hev ætlingar enn, og enn einast konge og prest. Og enno det skjelv

imot fyregangsmenn det blodsprengde, haase – korsfest!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Konge og prest · Anders Vassbotn · Poetry Cove