Klokkurne ringjer til jesusfest,
det skjelv yver bygdi vide;
den jolekveld hev seg i hugen fest
med barneminni dei blide.
Og klokkaurne ringjer til jesusfest.
Ljosi stend kveikte paa duka bord,
dei blakrar so bjart i stake.
Stjernurne glitrar mot snødekt jord.
Under ufsi sit sporven med make.
Og klokkurne ringier til jesusfest.
Daa stig det bak ruta eit andlet graatt
med bøn i dei augo saare,
eit bod fraa den flokken som hev det smaatt.
eit bod fraa systkini vaare.
Og klokkaurne ringjer til jesusfest.
“Jesusfest i tusund vintrar,
englehelsing yver jordi!
Enno ukjend er den sæla
enno uløyst lyder ordi!
Prestar ut dei mot oss sende;
vænt dei baud oss tola, lida;
naudi fekk nok eingong ende, –
aldri klaga, berre – blida
Trutt be bidde aar til anna,
barn og viv aat gravi køyrde;
enno aldri fekk me sanna
engleordi som me høyrde
Seg, kor lenge vil dei leiga
hyrdingar som ordi vender,
som slær vakt um rikmanseiga,
gjev oss stein for braud i hender!
Tusund stend i kveld og bankar.
Øygner de ‘kje enno bresten?
Graat og bøn i natti ankar:
me vil med paa jesusfesten!