Skip to content
1868–1944

Einsleg

Anders Vassbotn

Han kom einsleg yver fjellet, vaaren femti aar attende. I ei austbygd stod hans vogga, – dit han kom han ingen kjende.

Saar var dagen, daa med skreppa han fraa barneheim var reide, daa naar han med dogga auga baud farvæl med bygdi breie,

med dei grøne furnaasar og med blide, blanke elvi. Stilt i hugen skjelv og drøymer eitt for eitt dei mange minne,

vengjeskotne draumar dalar alle mot den eine kvinna. Tungt det var aa venda ryggen til dei kjende kjære tufter, –

der so visst han hadde vona paa eit liv i sol og sæla. Men han maatte ut i verdi; suti vart for tung aa bera,

um han heime skulde vera, um han skulde sjaa ein annan ha ho med paa ferdi. Strank han so fraa ven og frende,

fraa si gamle mor yv' fjellet, vaaren temti aar attende. I ei vestlandsbygd ved havet, bak eit nes, i livd for vinden,

paa eit berg ved elvarosen, murte han seg upp ei hytta med eit lite glas mot fjorden. Vetterdag han laag i skogen,

elder og i baat paa sjøen. Og naar ut paa vaaren snøen tok te tina burt i bakken, stod han der og grov med hakka

aakerland – og spadde veitur. Ikkje eigi jord han rudde; for han aatte berre mosen, som paa hytta voks i Osen;

men aat andre mark han snudde, Sure myrar, urarabbar radde han til aakr og vollar. Grornæmt land med gras og blomar

auka han fraa aar til anna. Stundom stod han studd til spaden, skodande mot himmelsynet, – dit som soli rann kvar morgon,

langt i aust bak skogarbrynet. Ingen visste kva han tenkte, naar han sukka saart i saknad, kvi han stod so still og sturen,

medan augo sorgalt blenkte. Saag han daa den gamle heimen kjend og kjær der austum fjellet. Drøymde um den bygdi breie

med dei grøne furnaasar og med blide, blanke elvi, og der ho hans ungdoms kjærleik sat som kona hjaa – ein annan.

Femti lange aar var lidne, sidan han kom yver fjellet som ein framand ned til bygdi. Aakreflatar, grøne vollar,

lange, djupe løynde veitur um hans trugne yrke minte. Haaret kvitt stakk undan huva; ryggen bøygd – og armen skalv.

glik han rusla etter vegen berande paa legdeposen, som hekk tung av skjemdord, skosur. Og han kjende seg so fegen,

naar han atter sat i hytta, gamal, graa, der ned med Osen. Der han sat dei dagar lange, skoda som igjenom skodda

dimme, gløymde ungdomsminne. So ein dag leid ut paa vaaren gamlen sakna vart med posen, og daa folk kjem ned til Osen,

sit han kald og stiv ved aaren. Paa det gamle rukkekinnet laag den siste taara styrna. Som han livde, so han døydde –

utan elsk og utan vyrdnad. Men paa aakrar og paa vollar grodde rikt hans trugne yrke, og daa han vart køyrd til kyrkje,

soli skein paa li og kollar.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Einsleg · Anders Vassbotn · Poetry Cove