Skip to content
1868–1944

Dom

Anders Vassbotn

Der kjem ein dag, daa desse bleike kinn, daa desse arbeidsslitne svoltne krever retten sin.

Der kjem ein dag daa trælebandi raknar, daa kravet etter rett for aalvor vaknar!

Der kjem ein dag, daa træleflokken arm kjem veltande som hav i skumkvit harm!

Dei stengde portar skjelv for neveslagi, og domen lyser tung fraa andlitsdragi!

Kom lat oss byta um slik domedag til kjærleiksfest i største systkinlag!

Gjev broderhand og son dei gamle dagar, fyrr Aasgardsreii gjenom natti jagar!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Dom · Anders Vassbotn · Poetry Cove