Aa leva, det er aa elska
det beste di sjæl fekk naa,
aa leva, det er i arbeid
mot rikare maal aa traa.
Aa leva, det er i livet
aa finna det største verd.
Aa leva, det er aa vinna
til sanning i all si ferd.
Aa leva, det er aa gløyma
seg sjølv for ei edel sak.
Aa leva, det er aa femna
i kjærleik det verste vrak.
Aa leva, det er aa leggja
urett og lygn i grav.
Aa leva, det er som havet,
aa spegla ein himmel av.
Aa leva, det er aa byggja
i samljod sitt eige bu,
der elsken aaleine raader
og bygg gjenom livet bru.