Det var ein romantisk sumardag
med lauvsprett og solarglitter,
dei gjekk gjenom skogen dei tvo ilag,
i lufti var song og kvitter,
i kjærleik vilde dei vandra saman
og take livet med leik og gaman,
tvo saman maatte dei klara ferdi, –
det er so romantisk i verdi.
Dei aatte vel korkje hus held heim,
men meir utav ljose draumar,
og so laut presten daa klinka deim
ihop med heilage saumar,
ein liten plass fekk dei seg aa bu paa,
til føda hadde dei elsk aa tru paa,
og voni hadde dei med i gjerdi –
det var so romantisk i verdi.
So kom der ein vetter kald og tung
med isnande frost og møda,
dei tvo sin elsk var ‘kje meir so ung,
og ungarne skreik um føda, –
den elsk er likavel alt for luftig
aa liva av – mat er meir fornuftig, –
dei tvo fekk fillutt og matlaus driva, –
det er so romantisk aa liva.
Naar ungarne skreik so saart um braud,
det var, som um motet døydde,
kvar taara tung, som fraa augo flaut
ei gnist av kjærleiken øydde,
og stova deira uppunde nuten
vart eksekverat og seld paa sluten,
dei tvo paa legd maa i gardom driva, –
det er so romantisk aa liva.
Den kjærleiken er so fager den,
Ja, fagrar enn alt paa jordi,
men lukka fagnar ‘kje alle menn,
so mang’ ein sannar dei ordi,
og leit det er vel, at utan føda
vert jamvel elsken til berre møda,
den maten fylgjar til sidste ferdi, –
det er so romantisk i verdi.