Skip to content
1868–1892

Utsyn

Peter A. Skjeflo

I. I bygdi gjeng tanken med klods i fotom, og synet er stengd millom høge fjell, dei skirur, som skaut fra dei sterke rotom,

fær vesal vekst i det træge stell, i dagsens bitande nordanvind dei fell isaman og turkast inn. Og difyr gjeng ungdomen saar i sinne,

dei kjenner seg sjuke og lengtar ut, det er nokot vonfullt og varmt herinne, som her i moldi maa døy tilslut, men drepa det, som ein mest held av,

er nett som stod ein ved eigi grav. II. Eg stod paa den graabrune, høgste nut med syn yver dal og fjell,

i vester, der solglimen støktest ut, det loged og brann som eld, – no saag eg yver dei høge bryn og ut paa det vide hav,

men hjartat brann ved det store syn, som skulde eg kovna av. Derutanfor liggja dei store land med heile sitt rike liv.

derute, der er det, den store mann sitt namn uti soga skriv, der vert dei øvad dei fagnadverk, som liver med verdi stend,

der kjenner mannen seg fri og sterk, og der fær han sprett og spenn. Derute so langt attum fjell og fjord, der soli legg glansen sin,

derute dei fostrast dei sterke ord og tankar, som verdi vinn, der andi i klaare syner sviv med ljos fra ei stare verd,

der livest dei store mannaliv med all deira fagre gjerd. Eg stod der og stirrde med augat skygd, det glitrad’ og brann so rart!

men nedanfyr saag eg mi eigi bygd, der skuggarne la seg svart, langt utum fjelli det brann som lyn og glimad som raude gull,

men innum dei høge, myrke bryn laag bygdi so tankefull. Dernede, der tykkjest det alt so smaatt, og livet gjeng stilt og traust,

og det, som der øvest af stort og godt, det gjeng og so merkjelaust, det varer med stræv og slit og sut for maten den lange dag,

og motet veiknar og slitest ut i alt det teraunde jag. Bak kyrkjegardsgrindi er grav i grav, – litt torv er til merkje sett,

dei synest eit bil, men dei gløymest av, naar graset vert langt og teit, der kviler so mang ei evna stor, som merkjelaust døydde ut,

som livet bert gav ei fatik jord og bygdi ei grav silslut. Eg stod der med handi for augo skygd og starad i bygdi ned,

ho laag der so fager, mi eigi bygd, og drøymde i stille fred, – det susad’ so rart fra heid og myr den skymrande sumarkveld,

og minni dei kom som eventyr med vinden fraa lid og fjell. Dei flagrad’ dei lokkande minne smaa og song um mi barnatid,

no kunde eg likesom betre sjaa, at bygdi var væn og blid, – der rørest eit liv so hjartevarmt so tidt, der det tykkjest smaat,

og helst attum det, som visest armt, ein finner det meste godt. Ein mann han vil gjera ei betre gjerd enn sjukna i vonlaus lengt,

det best er aa stansa den vide ferd, naar vegen for ein er stengd, – um liten du vert, av alle gløymt, naar berre du godt hev gjort,

Vaarherre dit verk hos seg hev gjøymd, og so er det likvel stort. Eg stod paa den graabrune, høgste nut med syn yver dal og fjell,

derute i vester gjekk dagen ut, og no var det seint paa kveld, eg hadde slik ro og sæla faatt ved syn paa mi eigi bygd. –

Gud gjeve eg der kann gjera godt og bruka mi vesle dygd!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Utsyn · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove