Skip to content
1868–1892

Til minne

Peter A. Skjeflo

Du drøymde um “grøne skogar”, ein blomstervang for din fot, i augo skein livsens logar, dei brann i ditt ungs blod.

Langt fram yver ljose vidder gjeng draumen i ungdoms aar, vaar framtid i straalegidder ligg smilande som ein vaar.

Du siglad' vel og dei leider, dei sund og dei fjordar blaa mot landet, der rosor breider seg yver dei klungrar smaa.

Du bygde vel og dei salor med blomar i kvar ein karm, der hugen si smerta svalor, og kjærleiken skiner varm.

Det fagraste livet eiger, er draumen i ungdoms aar, langt fram yver høge heider, som eventyrslott det blaar.

No hev me so væn ein sumar, alt andar i leik og liv, fraa kvar liton knupp og kumar ein vonande livsdraum sviv.

Men innmed den kvite planke, som merker vor livsferd av, stend skogarne grøne, ranke og susar umkring di grav.

Du drøymde um “grøne skogar”, kann henda ditt lukkeland umstraalat av solskinslogar du hist attum gravi fann . . .

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Til minne · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove