Skip to content
1868–1892

Sumar i Norig

Peter A. Skjeflo

No er her vent i Norigs dalar, so vent som i ein fager draum, fraa skog og fjell det syng og talar, alt andar i ein livsens straum,

der fins 'kjs yver al den jord ei sumar slik som her i nord! Og fjelli stend i straaleglitter med sylverband um grøne barm,

i lufti ljoder svaalokvitter, og vinden bles so mild og varm, fra blom til blom vel tusund liv i soli leikar seg og sviv.

Aa, nei, rett i dei ljose salar, naar bjørkji fær att lauvet sitt! Aa, nei, rett i dei grøne dalar, naar heggen stend av blomar kvit!

Nei, rett, tillfjells paa setervang med song og leik og bjølleklang! Og all den sut, som bit og harmar og gjerer heimen myrk og kald,

maa burt, naar sumarsoli varmar og teker vintren uti vald, den barm, som fyrr var kald og trong vert varmat upp med sol og song.

For gamle Norig end eg vonar ein stor og fager sumardag, daa syngjast kann med fagre tonar og mykkje betre ordelag:

Ja, ven er sumaren i nord som ingen annor stad paa jord!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Sumar i Norig · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove