Saag du desse stjernerap –
i dei maaneklaare nætter?
kor dei gløste, kor dei breide,
straaler ut i romet sende,
kor dei skein eit halvt minut,
blakrad' upp og sloknad' ut
som i eit Ginungagap
fullt av myrk og iskald vetter.
Saag du dette rike liv
i dei varme sumarnætter,
høyrde du dei sterke tonar,
livsens song fraa millionar,
saag du blomarne, som skein
angande fraa straa og grein –
til det folnad' alt som siv,
døydde for den kalde vetter.
Las du livsens log deri,
heile skapningen sin lagnad?
Alt det fagre, deg er givet,
vert eingong ifraa deg rivet,
livet er eit stjernerap –
bu deg helst paa sorg og tap!
Sving deg saa paa voni fri
yver dauden – der er fagnad!