Skip to content
1868–1892

Staren

Peter A. Skjeflo

Det er i marts. Yver sjøar og vang ligger enn islekkja stiv, her upp i Norig er vetren so lang, uvedr um strenderna driv,

lange er næterne, dagarne graa, sjuke vert tankarne, songarne faa. Landet ligg bert med sitt vedrslitne bryst, hardbart og naket aa sjaa,

stormen gjeng tung kring den fatige kyst, kald driver snjokaven paa, soli er burte, det myrknar so snart, folket sit inne og lengtar so hardt.

Uppe ved taket paa karmen der sit staren og leitar eit skju, han misser lell ikkje livsmotet sitt, von hev den svartklædde fugl, –

snjostormen piskar hans tonande bryst, han syng um sumar, um solskin og lyst. Staren han elskar sin heim her i nord, trufast med kjærleik so varm,

kjærare stad fann han aldri paa jord, er han enn frostkald og arm, sjølv paa ei avblaasit graasteinutt strand syng han dei fagraste tonar, han kann.

Lær meg, du trufaste songar, som du hugheil i stormarne staa, lær meg aa syngja, aa vona, aa tru, vaar attum snjokaven sjaa,

lær meg aa elska mitt fatige land sjølv paa ei avblaasit graasteinutt strand.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Staren · Peter A. Skjeflo · Poetry Cove